Memoar.no ist ein Portal zur Oral History in Norwegen:
Memoar — norsk organisasjon for munnleg historie: Formålet vårt er å fremja ein kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv. Memoar er eit historielag og vi ser på oss sjølve som ein del av det frivillige kulturvernet. Vi fungerer som ressurssenter for munnleg historie i Noreg. Memoar blei danna som ein frivillig, demokratisk organisasjon i Bergen i 2015.
Munnleg historie: Vi ser på munnleg historie som ein viktig del av den immaterielle kulturarven. Munnleg historie er samlingar av fyrste hands forteljingar om samtid og manns minne. Kvar enkelt av dei er subjektive og farga av forteljaren. Samlingane er rike og mangfaldige kjelder for alle som vil forstå. For historia utviklar seg ikkje logisk, rasjonelt og strukturert. Ho er straumar av levde liv, der alle er medskaparar og tidsvitne. Derfor handlar innsamling av munnleg historie også om demokrati og kulturpolitikk. Mottoet vårt er: Alle har ei forteljing å dele!
Memoarmetoden: Munnleg historie blir samla inn gjennom opptak av lokalhistoriske og tematiske intervjuseriar med primærkjelder. Memoar arrangerer kurs og opplæring i metode for samtykke, intervju, arkiv og publisering. Vi driftar fleire intervjustudio i Bergen og formidlar intervju på memoar.no og minner.no. Alle intervju blir tatt opp på video. Forteljarpanel, podcast, utstillinger og fagbøker gir merverdi til prosjekta våre.
I heile Noreg: Memoar samarbeider med minnesamlarar i heile landet, frå frivillige og historielag til musè, arkiv og bibliotek. Gjennom ei rekke intervjuprosjekt har vi vakse til ein landsdekkande organisasjon. Dei store nasjonale prosjekta Krafttak for munnleg historie (2018) og Munnleg historie for alle (2019–2023) har skapt ei samling med hundrevis av intervju. Arkivet veks raskt og vi jobbar nå med å etablere ei nasjonal løysing for å lagre munnleg historie på linje med anna arkivmateriale.
Nettverk: Memoar er mellom anna medlem i Arkivforbundet, Museumsnettverk for mangfold og minoriteter, Landslaget for lokalhistorie, Studieforbundet kultur og tradisjon og International Oral History Association. Vi samarbeider med Norsk Etnologisk Granskning (NEG), Norsk Folkeminnesamling og fleire universitet, teater og forteljarfestivalar. Eit av måla for arbeidet vårt i Memoar er å etablere Senter for munnleg historie.
Memoarkontoret: Vi har no fem ansatte, tre i Bergen og to i Oslo, og fleire studentar knytta til kontorene våre. Kvart år arrangerer vi Memoarkonferansen, eit viktig forum for museer, arkiv og frivillige organisasjonar som vil utvikle munnleg historie som fagfelt og kultursjanger i Noreg. Ved siste årsskifte hadde Memoar 89 medlemmer spreidde over heile landet.
https://www.memoar.no/om-oss
Neben dem Portal gibt es auch ein Blog, eine Facebook-Seite, eine Facebook-Gruppe.